Tuesday, April 24, 2007

Spydun


Hæhæ! Fant dette fantastiske bildet av Audun på nettet! Ære være Johan for å spre herlige minner som dette:)

Wednesday, April 18, 2007

Tuesday, April 10, 2007

Intourium: Balls and Glory (EP)

Med sin femte utgiving i bandets tiande år går bandet hen og lager ei samling av 4 songar som skapar ein følelse av glede og begeistring for framtida til norsk rock.

Is it a bird? Is it a plain? No! Its Intourium. Som supermann frå klar himmel kjem Larvik bandet susande inn i norsk musikk. På vokal finn vi purunge Mikkel Melsom på 21 som med sin ”eg lider/ eg er lei meg” vokal kan kallast ei blanding mellom Adam Durowits, Brandon Boyd og Brad Arnold (henholdsvis Counting Crows, Incubus og 3Doors Down). Vokalmessig passar denne samanlikninga også når bandet skal plasserast på alternativ rock kartet.
På gitar finner vi Roy Holmes som med sine enkle, men kraftige gitarriff setter stemninga i songane saman med Melsom på vokal. Gitarist Holmes føyer seg til ei lita, men veldig ekslusiv liste: Gitaristar som spelar for songen sitt beste og ikkje sitt eige beste. Enkelt og greit, men samtidig kraftig. Bass vert traktert av Endre Balchen, medan Audun Mangelrød tek seg av trommene. Dei to dannar ein meget solid rytmeseksjon.

Det er ikkje mykje ris å dele ut, men ein sitt med følelsen av at Intourim har meir inne enn fire låtar. Men skal ein vere pirkete så kan lydbildet lide litt under at det bare er ein gitar, men som sagt er dette bare pirk. Vidare kan det og nemnast at denne typen rock ikkje akkurat har herja norske musikklister dei siste åra, men band som tidligare nemnte Incubus og 3 Doors Down har oppnådd stor suksess i blant anna USA dei siste åra med denne typen rock.

Av ros er det derimot ein del meir å trekke fram. Alle fire låtane på albumet har ei god oppbygging der kvart refreng vert tilført noko anna enn det førre. Her vert bakgrunnsvokal, gitarriff og vokal godt brukt til å legge på ein ekstra dimensjon til kvart refreng. Dette er noko av det som er mest imponerande med plata, og er ein av hovudgrunnane til at underteikna ser enormt fram til Intouriums neste longspelar. Bandet har satsa på relativt rolige rockelåtar, men ikkje so rolige at vi nærmar oss ballade land. Dette er rock slik rock skal være. Følelseslada, gitarorientert og sist men ikkje minst, ein vokalist som tør å trå til.

Dette er ein solid Ep som fortener oppmerksomheit frå Noregs musikkpresse. Klarer Intourim å følgje opp dette med ein like solid longspelar skal det godt gjerast at dei ikkje vil poppe opp på både tv og radio landet rundt. Mykje Balls og forhåpentligvis mykje Glory til Intourium.
Bør ein følgje rådet om å løpe og kjøpe? Absolutt, og ikkje vert alt for overraska vist du ser ein glad sunnmøring i hærlig driv mot nærmaste platesjappe.

Av Raymond Abeltun (Puls.no)

Friday, April 06, 2007

Audun er fin:)


Vi liker audun for han er sKikkelig fin. Beste gutten i by'n!